Yoga for menn
Yoga for menn er eit kurs for menn i alle aldre som ynskjer å lære enkle yogateknikkar.
Visste du at yoga opprinneleg var berre for menn?
Menn burde koma seg på yogamatta minst like ofte som kvinner. Likevel er det flest kvinner som vel å gå yogakurs. Karar kan ha minst like stor glede av yoga som det kvinner har, så kva er det eigentleg som held deg att?
Yoga for menn passar:
- Menn i alle aldersgrupper
- Menn som har lyst til å lære enkle yogaøvingar spesielt eigna for menn
- Menn som har lyst til å forebyggje skader og helseplagar
Dette lærer du under yogakurset
- Yogaøvingar som kan lindre generelle plager
- Yogaøvingar som kan gjera deg mindre stressa
- Yogaøvingar som kan styrke muskulaturen
Øvingane vi tek for oss under eit yogakurs for menn er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.
Du treng ikkje å vera topptrent for å vera med på kurset. Det held lenge at du har lyst til å kjenne kor stor effekt små øvingar kan ha.
Posted by