Yoga for kvinner
Yoga for kvinner er eit kurs for jenter i alle aldre som ynskjer å lære enkle teknikkar.
Etter ynskje frå kursdeltakarane mine, har eg valt å ha eigne yogagrupper for menn og kvinner, i tillegg til fellesgrupper.
Det er ikkje utan grunn at det blir arrangert eigne kurs i yoga for kvinner. Enkelte delar av yogatradisjonen er spesielt godt eigna for kvinner.
I tillegg til å hjelpe deg til å føle deg betre i kvardagen, kan yogateknikkar for kvinner lette hormonelle plagar.
Yoga kan også redusere stressrelaterte plager som kvinner kan få etter å ha jobba meir eller mindre fulltid både heime og på jobb over lengre tid.
Yoga for kvinner passar:
- Kvinner i alle aldersgrupper
- Kvinner som har lyst til å lære yogaøvingar som kan dempe helseplager
- Kvinner som vil prøve grunnleggjande yoga spesielt retta mot kvinner
Dette lærer du under yogakurset
- Yogaøvingar som kan lindre typiske kvinneplager
- Yogaøvingar som kan dempe generelle helseplager
- Yogaøvingar som kan gjera deg meir avslappa
Øvingane vi tek for oss under eit yogakurs for kvinner, er enkle. Vi går fram i eit roleg tempo, slik at du skal vera i stand til å fortsetje med grunnleggjande yoga på eigen hand etter kurset.
Du treng ikkje å vera i god form for å vera med på kurset. Det held lenge at du har lyst til å kjenne kor stor effekt små øvingar kan ha.
Ta kontakt om yoga for kvinner
Posted by